- Statens tilbod hadde ein fordelingsprofil som ikkje ville gjera noko med ulikskapa opparbeida gjennom år. Det kunne vi rett og slett ikkje akseptere, uttala Egil André Aas, leiar i LO Stat i ei pressemelding.
LO Stat krever reallønnsvekst for sine medlemmar. Kravet er at det vert gitt eit generelt kronetillegg, der det spesielt vert lagt vekt på lavlønte og utjamning av lønnsforskjellane mellom menn og kvinner.
Meklinga hjå riksmeklaren vert innleia 5. mai, og har utløp 26. mai ved midnatt.