Hopp til hovedinnhold
Laster siden
NTL
NTL NAV

Ny leiarduo opptekne av eit sterkt og tydeleg NTL i NAV

Torgeir Homme er NTL NAV sin nye leiar og Solfrid Borger er nestleiar. Begge har lang erfaring som tillitsvalte og ynskjer å sette sitt preg på drift og utvikling av landsforeininga.

Torgeir Homme og Solfrid Borger er ny leder/nestleder i NTL NAV. Foto: Foto: Ida SKogland

 

Audmjuk

Solfrid har vert etatstillitsvalt frå mai i fjor og før det har ho erfaring med mangeårig leiing av avdelinga i Aust-Viken. -Det har nesten ikkje gått opp for meg at eg er nestleiar, seier ho sjølv. -Eg er veldig audmjuk til oppgåva og er godt i gang med å gjere meg kjent i rolla og oppgåvene. Solfrid byrjar å få eit bilete av organisasjonen vår, kvar vi har medlemmar og kva dei jobbar med. -Det er annleis å drive ei landsforeining, enn ei avdeling som eg har gjort i ti år, alt er i større skala og det er mykje og mangt å bli kjent med.

 

Innanriks

Solfrid og Torgeir har fordelt oppgåver og førstnemnte skal ha størst fokus på innanriks som ho sjølv seier det. -Eg skal ha ansvar for dei hovudtillitsvalte og som ein del av arbeidsutvalet er det eit stort ansvar med dagleg drift. Det er mykje planlegging og å sørge for at det vi planlegg faktisk skjer, fortsett ho. Dette noko vår nye nestleiar trivs godt med. -Eg liker slikt arbeid og eg liker struktur. Så eg kjenner at dette vervet passar for meg.

 

Laget først

-Eg er ikkje ein leiar som sett meg sjølv først. Eg likar å vere del av eit lag, ei gruppe og at det er vi saman som har fått til noko. Vi skal gjere kvarande gode. Solfrid blir ekstra engasjert når ho snakkar om dette temaet. Ho meiner det er viktig at vi kjenner at vi er ein del av noko og at alle har ein viktig rolle. Dette gjeld organisasjonen vår på alle nivå, alle medlemmar, tillitsvalte og alle som har verv. Slik meiner ho vi byggjer eit enda sterkare lag.

 

Tilfeldig

Inngangen til NTL og tillitsverv var for Solfrid var noko tilfeldig. Ho hadde jobba ei stund i NAV utan å vere medlem i ei fagforeining, ingen snakka om det og det var ikkje i tankane til Solfrid. Så byrja ho å jobbe på eit nytt kontor, og ein ringrev av ein tillitsvalt kom til ho og sa at her er alle medlem i NTL, det må du også bli. Ho var ikkje sein å be, ho meldte seg inn, var ung og engasjert og snart ville ringreven at Solfrid skulle bli tillitsvalt. -Eg blei eigentleg tillitsvalt utan å vite så mykje om det, men eg var med på kurs og lærte etter kvart. Eg har alltid synes tillitsvaltarbeid er kjempekjekt! Solfrid kjenner også på alvoret og ansvaret. -Vi utgjer ein forskjell for medlemmar som står i utfordrande situasjonar aleine. Fellesskapet vi har er sterkt, så å få både bidra og vere ein del av det, er stort, avsluttar ho.

 

Klar for å leie

Torgeir har vert nestleiar sidan 2018 og fungerande leiar sidan november 2022. No er han valt som leiar. -Eg kjente at eg var klar for å stå fremst. Eg har nokre tankar om korleis eg ønskjer å leie NTL NAV utan at det blir ein usving på nokon måte. Torgeir ønskjer å vere ein tydeleg leiar internt og eksternt og at NTL skal bli enda meir synleg og engasjert i samfunnsdebatten. Er det NAV på agendaen så skal NTL vere ein naturleg aktør som bidreg i ordskifte. -Eg meiner det er viktig at våre medlemmer sine stemmer blir løfta og høyrt. Vidare seier Torgeir at det er viktig at ein så stor organsisasjon som NTL NAV heng godt saman. -Vi må ha tett nok samhandling og oppfølging og landsforeininga må vere ute blant tillitsvalte og medlemmar og synast i organisasjonen.

 

Forbilde

Torgeir sin bestefar var tillitsvalt i Norsk Arbeidsmandsforbund i Vestfold Telemark i sin tid, og han var eit stort forbilde som betydde mykje for Torgeir. -Vi snakka mykje saman og også om arbeidsgjevar- og arbeidstakar-relasjonen. Det blei tidleg tydeleg for meg at dei som kjempa for arbeidstakarane var bra folk. Denne interessa tok Torgeir med seg og skreiv også masteroppgåve om tillitsvaltrolla. Då Torgeir undersøkte ulike forbund i samband med oppgåva blei han kjent med kva dei ulike står for og fekk då ei kjensle av kor han ville kjenne seg heime. Denne kjensla blei forsterka då han fekk jobb i NAV. NTL sine verdiar og prinsipp om arbeidsplassen og samfunn var avgjerande, det måtte bli NTL. Allereie i jobbintervjuet blei tema for masteroppgåva til Torgeir lagt merke til. Vi treng tillitsvalte her, sa tilsetterepresentanten, du kan jo passe veldig bra. Og slik blei det. Torgeir blei plasstillitsvalt etter nokre månader i NAV, gjekk i bestefaren sine fotspor og enda vidare.

 

Meiningsfullt

-Eg synes det beste med å være tillitsvalt er at eg får møte utruleg mykje interessante og artige folk frå heile landet, og at eg får høve til å jobbe med så utruleg mykje forskjellig, samtidig som det er veldig meiningsfullt. Sterkt engasjement gjer alltid inntrykk, og det møter eg mange som har, avsluttar Torgeir.

 

Sign Nina Åsbakk