NTL NAV har hatt ei god utvikling på medlemsfronten i løpet av det første halvåret av 2021, med over 300 nye medlemmer. Samtlege avdelingar har verva godt, og medlemsmassen har vokst i antall yrkesaktive medlemmer og i totalt antall medlemmer. Samla er det no over 9000 medlemmer i NTL NAV.
NTL NAV Finnmark er ei av avdelingane der det har vore jobba godt med verving den siste tida. Til no i år kan avdelinga skilte med ein vekst på over 10%.
Avdelingsleiar i NTL NAV Finnmark Ricky Mehmi kommenterer det slik:
- Det er alltid godt å sjå at fleire av NAV sine tilsette melder seg inn i felleskapet til NTL NAV. I NAV Troms og Finnmark har vi hatt ein del nyrekrutteringar. Våre medlemmer og plasstillitsvalde har presentert NTL til nye tilsette på ein god måte som har gjort at fleire har meldt seg inn tvert. Nokre nye medlemmer har meldt seg inn frå ein annan organisasjon, grunna dei opplevde at NTL tillitsvalgte har god kommunikasjon med sine medlemmer. Innsatsen til NTL-plasstillitsvalde i lokale medbestemmelsesapparat har også bidratt til medlemsvekst hos oss. I tillegg har avdelinga kjørt fleire kurs til medlemmer og tillitsvalgte, og vår verveansvarlig har jevnlig dialog med plasstillitsvalgte i vårt fylke, seier Ricky.
![]() |
Ricky Mehmi, NTL NAV Finnmark |
Fleire medlemmer er også på gang, ifølgje Ricky. Eg hadde ein samtale med ein tilsett som er i ferd med å melde seg inn i NTL denne veka. Vi blir eit stadig større fellesskap her i NTL NAV Finnmark, avsluttar Mehmi.
NTL NAV takkar alle våre medlemmer for vervearbeidet de gjer, og vonar den gode trenden fortsett!