Forhandlingsutvalet i NTL NAV, leia av Torgeir Homme, var tydeleg på at NTL NAV ikkje ønsker at forhandlingane skal delegerast. Dette var dei sørgjeleg aleine om. Arbeidsgivar, FO og YS ønska delegering med minst mogleg føringar.
Argumenta frå NTL NAV omhandla fleire element. Vi viste til brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) av 13.juni i år der det står at «Lokale forhandlinger skal i utgangspunktet føres på de forhandlingsstedene som har forhandlingsfullmakt, slik det fremgår av vedlegg 2 til hovedtariffavtalene». Som tidligare nemnt er dette verksemdnivå, altså NAV.
Vi viste også til prinsipp om likeløn og at kartlegging viser at likeløn ikkje har hatt tilstrekkeleg ønska utvikling. I 2019 tente kvinner 93,6% av menn si løn i NAV og i 2023 er talet 93,6%. NTL NAV meiner lønsforhandlingar på verksemdnivå gjer det lettare å sjå på stillingskategoriar der lønsforskjella mellom kjønna er størst, for så kunne utlikne forskjellar målretta.
Ei anna kjent problemstilling ved delegerte lokale lønsforhandlingar er at avsetnina ofte fordeles på driftseiningane etter lønsmasse, noko som gjer at driftseiningar med ansatte med høg løn får meir å forhandle om enn driftseiningar med ansatte med lavare løn. Forskjellane berre aukar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har lavast kvinneandel i NAV med 46% (gjennomsnittet for NAV i sin heilskap er 70%), og har samtidig jevnt over høgare løn enn etaten for øvrig. Dette kan få uheldige konsekvensar for utjevning av likelønsforkjellar.
Ressursbruken ved delegerte lokale lønsforhandlingar er også ein kjent sak. NTL NAV har rekna på dette frå den enkelte arbeidstakar skriv lønskrav, tillitsvalte og arbeidsgivars prioriteringar ved over 350 NAV-einingar, forberedande møter, førebuing og gjennomføring av forhandlingane ved 22 driftseiningar. Eit stort apparat må i sving for å gjennomføre lokale delegerte lønsforhandlingar og tidsbruken er forsiktig estimert til 19,49 årsverk eller 38.000 timar. Og då har vi ikkje sett på mindre målbar ressurs- og energibruk etter resultatet foreligg med dertil skuffelse, samanlikning, diskusjonar og andre konsekvensar for arbeidsmiljøet til den enkelte eller grupper.
Lederløn var også eit argument NTL NAV peika på. Ved delegerte lokale lønsforhandlingar i fjor blei resultatet i fleire driftseiningar at leiarar fekk ein større del av potten samanlikna med medarbeidarar både i kroner og prosent. Tre av driftseiningane gjekk til brudd, det blei ikkje einigheit om lønsforhandlinga, nettopp på grunn av at leiarane kom til å få (enda) større lønsutvikling enn medarbeidarane.
På bakgrunn av alle desse elementa meinte NTL NAV at delegerte lokale lønsforhandlingar verken er formålstenleg eller fornuftig inneverande år. Dermed blei saka løfta til KDD for beslutting i tråd med Hovedtariffavtalen i Staten.
Allereie i dag kom svaret frå KDD etter drøfting med LO Stat. Det blir delegerte lønnsforhandlingar også i år. LO Stat støtta NTL NAV sin argumentasjon, men fekk dessverre ikkje gehør. NTL NAV ønska sjølvsagt eit anna utfall, men no har vi fått ei avklaring rundt praksis. Så må vi igjen til hausten mobilisere 22 forhandlingsleiarar og -utval i driftseiningane og rundt 5700 yrkesaktive medlemmar til å skrive lønskrav. Men før det skal det arbeidast godt i forkant av forberedande møte i NAV i august og forsøke å gi gode rammer for forhandlingane. Ikkje minst skal NTL NAV (tradisjonen tro) arrangere lønskurs for to frå kvart forhandlingsutval i driftseiningane. Når lønsforhandlingane skal gjennomførast rundt om i NAV, så skal NTL som alltid vere klare.
Les referatet frå møtet med arbeidsgivar og partane og NTL sitt følgebrev til KDD nedst i saka.
Referat forberedende møte19.6.23 LO YS 2.5.1 NAV.pdf
Følgebrev til KDD vedrørende delgering av lokale forhandlinger i Arbeids- og velferdsetaten 2023.pdf