Eide arbeidar til dagleg med å handsama dagpengesøknadar ved NAV Arbeid og ytelser Innlandet, og meiner at presset om å levere gode tal går ut over sakshandsaminga til NAV-ansatte. Han har arbeida 40 år i NAV, og har god kjennskap til korleis utviklinga har vore i etaten.
– No er vi avgrensa til å handsama søknadar nesten fabrikkmessig. Før var vi sakshandsamarar, no er vi produksjonsarbeidarar, seier Eide i podkasten. I tillegg til Eide fortel Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte om korleis han ser på mål- og resultatstyringa i NAV.
Gjest i podkasten er også Linn Herning, dagleg leiar i For velferdsstaten, som forteljer si historie om sitt møte med NAV i ein sårbar livsstuasjon. Herning tek også til ordet for ei tillitsreform i offentleg sektor, med mindre mål- og resultatstyring og meir tillit til dei ansatte.
Ei tillitsreform i offentleg sektor er noko alle dei raudgrøne partia på Stortinget går til val på til hausten. Sentrale element er mindre måling og auka medbestemmelse.
Podkasten finn du her