Henny-Kristin Navarsete og Kjersti Barsok

No må Stortingspolitikarane vakna!

At Statens vegvesen er til stades i heile landet opplever NTL som avgjerande for å kunne levere gode tenester til innbyggjarane. Dette er no i spel gjennom korleis Stortinget behandlar ny organisering av Statens vegvesen i forlenging av vedtaka om regionreform.

Publisert: 16.01.2019, sist endret 16.01.2019


-Det er viktig at sentrale styresmakter/ Stortinget har ei klår formeining om kva som bør vera eit nasjonalt ansvar for at innbyggjarane i landet skal få likeverdige tenester, seier Kjersti Barsok, leiar i NTL.

Her må også lokale politikarar kjenne si besøkelsestid skyt nestleiar i NTL Veg, Henny-Kristin Asperanden Navarsete inn. Dersom lokalpolitikarar har tankar om kva tenestetilbod og kva arbeidsplassar dei ynskjer å ha i det ganske land, er det viktig at dei er på og gir sine innspel til sine respektive stortingsbenkar. Slik NTL Veg ser det har Vegdirektøren fått klåre forventningar frå Samferdselsdepartementet om videre organisering av Statens vegvesen. Gitt mandatet vegdirektøren har fått, sluttar NTL Veg seg til hovudtrekka i den strukturen vegdirektøren legg fram, men kjem til å følgje innhaldet tett. I Vegdirektøren sin rapport til Samferdselsdepartementet kjem det fram at regionsmodellen gir best måloppnåing for det regionale samfunnsansvaret fordi den regionale forankringa hjå regionale og lokale interessentar gir eit sterkt og breitt beslutningsmynde, men i oppdraget til vegdirektøren vektlegg samferdselsdepartementet effektivisering og styringslinjer.

Tidlegare har regjeringa gjennom sitt framlegg til statsbudsjett lagt føringar på at Statens vegvesen skal vera på færre stadar enn i dag, og har også bedt Vegdirektoratet om å utreda privatisering av mellom anna førarprøvar, dette fryktar NTL i ytterste konsekvens kan gå på trafikktryggleiken laus. Sensorane i Statens vegvesen er godt kalibrerte i høve til kva som kvalifiserer til bestått eller stryk på førerprøven. Dei kan vurdere dette utan å vera redde for om det kan gå på «innteninga» laus. Dette kan fortone seg annleis for ein privat aktør.

Tilrettelegging vil vere viktig for dei tilsette i tida som kjem. Statens vegvesen har ein lang tradisjon for tilrettelegging for fjernløysingar. De har gode IT-løysingar som i stor grad vert nytta for møteverksemd, deling og utvikling av fag. Dette, slik me ser det, muliggjer at tilsette i stor grad kan halda fram med å jobba på den staden dei er i dag, seier Navarsete.